HO032 HARDANGERTUN
Velkomen til Kinsarvik i Hardanger.

Kinsarvik ligg idyllisk til ved Hardangerfjorden. Hardanger er viden kjend for sine fantastiske fjordar, dalar, fossar og fjell. Kinsarvik er det ideelle utgangspunkt for rundturar i Hardanger. Herifrå kan ein ta turen opp Husedalen som er ein fantastisk dal med 4 flotte fossar. Frå Kinsarvik kan ein og ta turen til Folgefonna sommarskisenter, Hardangervidda natursenter eller ta familien med i Hardanger Feriepark som ligg 50 meter frå oss. Det er også gode fiskemoglegheiter i fjord, elv eller fjellvatn.

Hardangertun har mange aktivitetar å tilby. Me har oppvarma utandørs badebasseng, boblebad, badstove, solsenger, utleige av kanoar, kayakkar, robåtar og motorbåtar. I sommarbutikken vår får De ferske brød og rundstykke kvar morgon. Eit solid måltid av god og rimeleg mat får De inne i gjestestovene våre, eller ute på elveterassen. Hardangertun tilbyr også spanande gruppeaktivitetar som bogeskyting, fjellklatring, kanopadling, fjelltur og lokal kulturhistorie.

Hardangertun har fem stjerners familiehytter som har fullt utstyrt kjøken, bad med dusj og toalett og stove med satelitt-TV. Dei medium store hyttene har 4-7 sengeplasser. Dei store hyttene har 6-8 sengeplasser.

Velkomen til eit opphald fylt med opplevingar i Kinsarik, Hardanger.
KONTAKT OG ÅPNINGSTIDER:
 
KART
Adresse:
Postnr: 5780
Poststed:
KINSARVIK
Telefon: +47 53671313
Telefaks:
+47 53671314
E-post: info@hardangertun.no
Web: www.hardangertun.no
Åpner: 01,01
Stenger:
31,12
GPSN: 60°22'38.7"
GPSE: 6°43'31.0"
Antall plasser: 70
Sesongplasser: 10
Booking:
Sesong Standplasser Hytter 1 - 5 stjerner Apartment
Lav
1
2
3
4
5
Høy