SF020 PLUSCAMP SANDVIK
Pluscamp Sandvik ligg i Gaupne innerst i Sognefjorden. Nigardsbreen og Sognefjellet ligg i kort avstand frå campingplassen, og me er den perfekte basen for dagsturar.
Me har høgstandard hytter og enkle campinghytter. Resepsjon og pizzeria er open heile dagen.
Campingområdet vårt ligg i ein frukthage med flott utsikt til fjell og bre. Sanitæranlegget har god kapasitet med toalett, dusj, felles kjøkken og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel. For ungane har me ein fin leikeplass med blant anna trampoline, husker etc.
Det finst mange aktivitetar og attraksjonar i vårt område. Den daglege guida turen på Nigardsbreen er den mest populære aktiviteten, men det finst og meir utfordrande aktivitetar tilgjengeleg. Urnes stavkyrkje er den eldste i landet, og den einaste stavkyrkja på UNESCO si verdsarvliste. Meir informasjon om attraksjonar og aktivitetar finn du på www.sognefjord.no
Hyttene våre finn du i fire forskjellege standarar; frå enkle eittroms hytter til fullt utstyrte høgstandard hytter. Høgstandard hyttene har to soverom, stove med tv, bad med dusj og toalett og veldig godt utstyrt kjøkken.
Resepsjonen og kiosken har lange opningstider i sommarsesongen. Ein liten, men koseleg kafé ligg og i resepsjonsbygget, her kan du få kjøpt pizza og enkle middagsrettar eller nyte eit glas vin i kveldssola på terrassen vår.
KONTAKT OG ÅPNINGSTIDER:
 
KART
Adresse:
Postnr: 6868
Poststed:
GAUPNE
Telefon: +47 57681153
Telefaks:
+47
E-post: sandvik@pluscamp.no
Web: www.pluscamp.no
Åpner: 01,01
Stenger:
31,12
GPSN: 61°24'02.0"
GPSE: 7°18'01.5"
Antall plasser:
Sesongplasser:
Booking:
Sesong Standplasser Hytter 1 - 5 stjerner Apartment
Lav
1
2
3
4
5
Høy