SF097 JOSTEDAL CAMPING
Velkommen til Jostedal Camping, ypperleg base for ein AKTIV FERIE!
- Ligg idyllisk til ved elv, rafting frå campingplassen.
- Mange flotte fjellturar i nærområdet.
- Breheimsenteret ved NIGARDSBREEN ligg berre 3 km unna. Her kan du sjå flotte utstillingar og melde deg på gaida breturar, rafting eller padling på brevatn kombinert med bretur.
- NIGARDSBREEN parkering er møtepunkt for dei fleste gaida breturane. Parkeringen ligg berre 6 km frå Jostedal Camping.
- 30 km til SOGNEFJORDEN, verdas lengste isfrie fjord.
- På vinterstid er Jostedalsområdet ypperleg for laussnøkøyring og toppturar i urøyrd natur. Gaidar tilgjengeleg om du treng det.
- Grotteturar under Nigardsbreen vert arrangert heile vinteren.

Campingplassen ligg nær fleire brearmar, berre nokre få km frå NASJONALPARKANE JOSTEDALSBREEN og BREHEIMEN.
Jostedalsbreen er den største breen i fastlands-Europa. Ved å køyre 5 minutt frå campingplassen kan du sjå fleire av brearmane.

- Campingplassen har 3 ulike hyttetypar. Bungalowane er store og velutrusta medan dei andre hyttene er utan innlagd vatn. Alle hytter har dyner, puter, kjøleskåp, kokeplater, panner, tallerkenar, glas og bestikk. For alle hyttetypar må du ta med eller leige sengetøy.
- Toaletta og dusjane i det nye sanitæranlegget er av høg standard. Det same er felleskjøkkenet, opphaldsrommet og uteområdet ved elva.
- Vaskemaskin og turketrommel.
- Campingen har 40 straumuttak og plassar for telt, bubilar og campingvogner. For gjestene har vi svært godt ferskvatn og gratis tømmeanlegg for grå- og svartvatn.
- Det er berre 200 m til kafé, butikk og bensinstasjon.
- BREHEIMSENTERET museum, info- og bookingsenter ligg 3 km frå campingplassen.
- GRATIS Wi-Fi til alle gjester.
KONTAKT OG ÅPNINGSTIDER:
 
KART
Adresse:
Gjerde
Postnr: 6871
Poststed:
JOSTEDAL
Telefon: +47 57683914
Telefaks:
+47 57684136
E-post: post@jostedalcamping.no
Web: www.jostedalcamping.no
Åpner:
Stenger:
GPSN: 61°37'54.2"
GPSE: 07°16'01.0"
Antall plasser: 40
Sesongplasser: 0
Booking:
Sesong Standplasser Hytter 1 - 5 stjerner Apartment
Lav 160
1
2
3
4
5
350
1050
510
1300
Høy 190